Endring frå 15.desember
 
Testing ved symptomer
Alle med nyoppståtte luftveissymptom eller andre symptom på covid-19 bør teste seg. Dette gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus. Positiv sjølvtest eller antigen hurtigtest bør bekreftas med PCR-test. 
Smittekarantene
Alle som har hatt  med ein smitta person skal i smittekarantene i 10 dagar etter siste nærkontakt.
Husstandsmedlem og tilsvarende nære: 
	- skal teste seg med antigen hurtigtest eller PCR-test så snart som mogleg.
 
	- skal teste seg med PCR-test på døgn 7 etter nærkontakt.
 
	- kan avslutte karantena ved negativ PCR-test på døgn 7.
 
Born under 16 år skal ikkje testast dersom det er uforholdsmessig krevjande å teste av bornet. 
Øvrige nærkontakt: 
	- kan avslutte karantena i arbeids- eller skuletida ved negativ PCR-test tatt tidligast 3 døgn etter nærkontakt. Dette innebærer at ein kan gå på skule eller jobb, men må fortsatt være i karantene på fritida.
 
	- kan avslutte karantena på fritida ved negativ PCR-test på døgn 7 etter nærkontakt. 
 
Unntak frå smittekarantene
Smittekarantene gjeld ikkje for personar som ved nærkontakt:
	- har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane med varighet frå avisolering til 3 månedar etter prøvedato.
 
	- har fått oppfriskningsdosa for minimum 1 veke sida.
	
		- Husstandsmedlem og tilsvarande nære til den smitta må i tillegg testast dagleg med antigen hurtigtest eller annakvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakt for at dette unntaket skal gjelde.
 
	
	 
	- er under 18 år og ikkje husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta.  
 
Unntak frå smittekarantene i arbeidstida for samfunnskritisk personell
Personar som er strengt nødvendige for å opprettholde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller ivareta befolkningas grunnleggande behov, slepp smittekarantene i arbeidstida dersom dei testar negativt med antigen hurtigtest samme dag som arbeidet skal gjennomføras. På fritida har ein karanteneplikt. 
For personar som er i same husstand eller tilsvarande nær til ein person i isolasjon, gjeld unntaket kun fullvaksinerte som brukar munnbind i arbeidstida.
Isolasjon 
Det er krav om isolasjon ved påvist smitte.
	- Personar som vert smitta av covid-19 og ikkje har symptom, skal isolere seg i seks døgn beregna frå tidspunktet positiv koronatest vart avlagt.
 
	- Personar som vert smitta av covid-19 og har symptom, skal isolere seg i minimum seks døgn beregna frå tidspunktet symptoma starta. Ein må ha vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande medisin før isolasjon kan opphevast.
 
Sjå meir informasjon om opphevelse av isolasjon ved covid-19 (fhi.no).
    
      
        Publisert 17.11.2021 13.57