Tuning in to Teens (TINT) er eit foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på å styrkje det emosjonelle bandet mellom foreldre og tenåringen, i tillegg til å auke både emosjonell forståing og emosjonell kompetanse. Dette er spesielt eigna for deg med barn i aldersgruppa 10-18 år.
Gjennom Tuning in to Teens vil du byggje ferdigheiter innanfor noko som blir kalla emosjonsrettleiing, som handlar om å anerkjenne, forstå og handtere både eigne og kjenslene til tenåringen. Ein tenåring som blir møtt med slik emosjonell forståing, vil også sjølv oppnå nye emosjonelle ferdigheiter og kompetansar, og vere betre rusta til å handtere opp- og ned-turane i livet.
Tuning in to Teens fokuserer på å auke emosjonell kompetanse, som er evna til å:
• Identifisere og forstå eigne kjensler
• Bruke kjensler til å navigere i sosiale interaksjonar
• Bruke din emosjonelle bevissthet til å rettleie deg når du løyser problem
• Håndtere frustrasjon og vere i stand til å vente på det du vil ha
• Forhindre at stress og uro overveldar evna til å tenkje klart
• Ha kontroll over korleis og når du uttrykkjer kjensler
Emosjonell kompetanse er viktig for både deg og tenåringen din fordi det tillet de å ha kontroll over det de gjer, hjelper med å redusere stress, gjer de i stand til å roe dere sjølv og konsentrere dykk i utfordrande og vanskelege situasjonar. I tillegg vil emosjonell kompetanse bidra til betre vennskap og vedvarande nære relasjonar for tenåringen din.
Tuning in to Teens er forskingsbasert. Det er gjennomført mange studiar som viser gode resultat. Gjentakande funn er at foreldre som deltek på TINT oppnår auka grad av emosjonsrettleiing, og tenåringane oppnår betre emosjonell forståing. Det blir også rapportert hyppig om reduksjon i eventuelle internaliserande eller eksternaliserende utfordringar.
Tuning in to Teens er gruppebasert med vekefaste møte over 6 veker.
Kommande TINT kurs vil haldast: kursdato vert annonsert i august, viss det er nok påmelde.
For påmelding kontakt: anne.marte.batsvik.liaaen@giske.kommune.no