Teststasjon for korona på Vigra flyplass

På Vigra flyplass er det oppretta teststasjon for reisande som kjem frå utlandet.

Men det er avgrensingar i både tilbodet om testing og formidling av prøvesvar.

 

Kven bør bli testa?

Folkehelseinstituttet sine testkriteria skal ligge til grunn. Ved Koronateststasjon blir det gitt tilbod til: Personar som kjem frå raude land, og frå andre land som har mistanke om at dei kan vere smitta.

Avgrensing i tilbod og formidling av prøvesvar

Statlig finansierte testsenter skal avgrense seg tilbod om testing og initial oppfølging av positive prøvesvar. Reisande med andre behov kontaktar den ordinære helsetenesta.

Reisande skal informerast om at berre dei med positivt prøvesvar blir kontakta og at testsenteret ikkje har kapasitet om å informere om negative prøvesvar.

Det er ikkje testsentera sitt ansvar å tilby første test for arbeidsgjevarar som ønsker kortare karantene for tilsette som kan komme under unntak i covid-19 forskriftens § 6 åttande ledd. Dette er arbeids- eller oppdragsgiveren i Norge som har ansvar for. Kommunar kan inngå avtale med om å tilby slik test på testsenteret, men det er ikkje oppdraget fra Helsedirektoratet.

KARANTENE: Ein kan være smitta sjølv om testsvaret er negativt, og at ein tar koronatest vil difor ikkje påverke krav om karantene.  Dei som kjem frå raude land på flyplass skal ha munnbindet på til dei er komme heim, eller til dit dei skal være i karantene.

Rammeverk for testsenter ved grenseovergangar (utdrag frå skriv frå Helsedirektoratet)