Telenor-feil påverkar tenestene i Giske kommune

OPPDATERT kl 19.05: Problemet hos Telenor er løyst, og alt fungerer som normalt.

 

Informasjon frå tidlegare i dag:

Telenor melder om omfattande problem i mobilnettet nasjonalt. 

Feilen påverkar også Giske kommune, og heimetenesta har for tida utfordringar med å ta imot telefonsamtalar. Tekstmeldingar kjem fram som normalt.

Vi oppmodar pårørande om å sjekke at alt er i orden hos sine næraste som nyttar tryggleiksalarm eller er avhengig av telefonkontakt.

Telenorfeil påverkar kommunen

Telenor har registrert problem med avvikling av trafikk i mobilnettet og arbeider med å løyse situasjonen. Problema påverkar fleire delar av landet, også Giske kommune.

Vi har testa fleire tryggleiksalarmar, og desse ser ut til å fungere. Sjølv om vi ikkje har registrert feil på alarmane, ber vi pårørande om å ta ein ekstra sjekk hos sine næraste medan problema varer.

Informasjon frå politiet

Møre og Romsdal politidistrikt melder at problema med telefoni også påverkar kontakt med politiet. Dersom ein ikkje får kontakt med politiet på telefonnummer 02800 eller naudnummer 112, kan ein forsøkje telefonnummer 70 11 87 00. 

 

Giske kommune følgjer situasjonen fortløpande.