Tekniske problem vil avta utover dagen

Oppdatert 13.35 til: Microsoft har hatt omfattende tekniske problem som har ramma brukarar over heile verda, også  Giske kommune. Microsoft melder fredag 13. november kl. 13.00 at det er forventa at problemene vil gradvis avta utover dagen. 
 

Det er tekniske problem med eposttenesta Outlook til og frå Giske kommune. Problema har ramma tusenvis av brukarar i heile verda. Ifølge Microsoft er det også problem med andre tenester som Teams, sharepoint og Planner. 

Microsoft opplyser at tiltaka som skulle løse dei tekniske problema med e-posttenesta Outlook, ikkje fungerer som forventa. 

Ifølge Microsoft skyldast problema «auka belastning» på infrastrukturen i fleire regionar.