Storsatsing på Gjøsundneset - Hovedportal

Storsatsing på Gjøsundneset

Giske kommune tek eit viktig steg i utviklinga av Gjøsund hamn og næringspark, og signerer komande måndag kontrakt med entreprenør A.Våge AS om bygging av ny kai.

Dette kjem etter at kommunestyret 23.04 slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren og eit samla formannskap om bygging av kai på Gjøsundneset. Kaia skal nyttast som fiskeri- og godskai, og vil leggje godt til rette for vidare næringsutvikling i området.

-Den planlagde kaia får ei lengd på 165,7 meter, i tillegg til etablering av ein dykdalb Dette vil gi ei samla fortøyningslengd på om lag 200 meter. Kaia skal nyttast som fiskeri- og godskai, og vil leggje godt til rette for vidare næringsutvikling i området. Bygginga av kaia er det første store resultatet etter at prosjektplanen for Gjøsundneset vart vedteken. Kommunen forventar at satsinga vil utløyse ytterlegare investeringar allereie i løpet av det komande året, med bygging av fryseri og bunkringsanlegg rett ved kaia, noko som vil gjere Gjøsund hamn til ei regional hamn med one-stop-shop tilbod seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol.

- Arbeidet med kaianlegget startar så snart løyve om igangsetting er på plass, og det er forventa at kaia står ferdig innan utgangen av 2026.

– Dette har vore eit etterlengta tilbod, spesielt frå lokal fiskerinæring. Investeringa er viktig for Giske kommune, for den lokale fiskerinæringa og for det maritime næringslivet i heile regionen. Kaia vil styrke infrastrukturen, skape nye moglegheiter for næringsutvikling og bidra til auka verdiskaping, seier ordførar Kenneth Langvatn.