Stor interesse for beredskap

Onsdag kveld var det ope folkemøte om beredskap på rådhuset. Mange hadde møtt fram for å høyre meir om dette tema.

Ordførar Kenneth Langvatn ønskte velkomen og takka kommunedirektør Karl Andre Birkhol for at han hadde tatt initiativ til eit slikt møte.   

Statsforvaltar Else-May Botten la fram ein klar og tydeleg bodskap i innlegget sitt. Ho sa at innbyggarane må forstå si tid og førebu seg på krigsliknande situasjonar. Kommunane vil vere avhengige av at flest mogeleg klarar seg sjølv i inntil ei veke og at dei er budde på det. Ho sette både Giske, regionen og Norge inn i ein verdssamanheng og i dei utfordringane vi no ser.

Oppfordringa om å vere budd når det gjeld eigenberedskap gjeld også i andre situasjonar som til dømes i ekstremver.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Beredskapsansvarleg Cecilie Holen fortalde korleis Giske kommune jobbar med beredskap, både med planverk og øvingar. Ho viste også korleis ein kan finne fram til denne informasjonen på kommunen si heimeside.   

Fleire aktuelle etatar var tilstades på møtet og fortalde om sine roller i arbeidet med beredskap. Frå politiet kom politistasjonssjef i Ålesund Oddbjørn Solheim og frå brannvesenet stilte stabssjef Stine Mari Roald og Trond Andreassen. Frå Sivilforsvaret var  Andreas Lied og Jan-Ove Woldsund til stades og frå Røde Kors, Nina Renate Varnehol og Reidar Bringsli.   

Publikum stilte fleire relevante spørsmål gjennom møtet som vil bli tatt med vidare i arbeidet med beredskap.

Statsforvaltar Else-May Botten sa at Giske kommune var den første kommunen i Møre og romsdal som hadde tatt initiativ til eit slikt folkemøte om beredskap. Det sette ho stor pris på.

Pressa var tilstades både frå lokalavisa Øy-Blikk og Nrk Møre og Romsdal.

Meir informasjon her.