Stikk ut - krusa kjem i januar

Dei som ventar på krus og skålar må dessverre vente litt til, meldar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.

 

Varene rekk ikkje fram før jul i år, men er venta rett over nyttår.

- Vi sender ut varsel så snart det er klart for å hente i din kommune, seier Ellingsæter. 

- Vi veit at nokon har planlagt å gi krusa i julegåve, derfor har vi laga eit gåvekort som kan lastast ned og gis.

Gavekort Stikk UT! krus/skål jula 2022

Krus og skålar kan hentast på servicetorget i Giske kommune etter nyttår.