Sterkt økonomisk resultat for årsoppgjeret 2025
Giske kommune har i dag avlagt det økonomiske årsoppgjeret for 2025, som viser eit solid netto driftsresultat på kr 26 865 805. Det gode resultatet gir kommunen høve til å styrkje den økonomiske bereevna ytterlegare.
Kommunedirektøren foreslår at om lag kr 19 700 000 blir sette av til driftsfondet. Etter denne avsetninga vil disposisjonsfondet vere på om lag kr 52 000 000. Dette gir kommunen eit viktig handlingsrom i åra som kjem, men ein må fortsatt halde stram styring for å kunne løyse framtidige utfordringar.
Kommunedirektør Karl Andre Birkhol.
Giske kommune
Ordførar Kenneth Langvatn og kommunedirektør Karl Andre Birkhol uttrykkjer stor tilfredsheit med resultatet: – Vi er svært nøgd med eit så sterkt økonomisk resultat. Det viser at både organisasjonen og det politiske miljøet arbeider målretta og ansvarsfullt. Vi ønskjer å rette ei stor takk til alle tilsette og folkevalde som kvar dag bidreg til ei berekraftig utvikling av kommunen. Giske kommune vil halde fram arbeidet med god økonomistyring og langsiktige prioriteringar som skal sikre trygge og framtidsretta tenester for innbyggjarane.
Sist endra 20.02.2026 12.28