Status Giske kommune onsdag 25. mars kl 12.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Giske kommune har framleis tre smitta av Korona. Tilstanden for alle er stabil.

Stor innsats

Etter koronasmitten traff oss har utfordringane for alle vore store og nye. Etter vel ei veke i det som må kallas unntakstilstand er vi imponerte over korleis problema vert løyste. Alle gjer sitt beste i den nasjonale dugnaden.

Heimeundervisning med Ipad gjer at skulen i Giske er veldig godt i rute med undervisning. Dei aller fleste har tilnærma full skuledag, får oppgåver og leverer over nett. Ja, til og med kroppsøvingsundervisninga er i gang. Ikkje akkurat kanonball, men likevel.

Til og med kulturskulen er godt i gang med undervisning til elevane.

Helse og omsorg

Smittetilfella innen legeteneste og på Omsorgsenteret (GOS) har gitt store driftsutfordinger. Mange tilsette er i karantene, andre må ta nye oppgåver og rutiner er endra. Det er med stor glede vi kan slå fast at vi fram til i dag ikkje har fleire smitta innen sektoren. Dette til tross for mange tester av folk med forkjølelsesymtom.

Legekontoret vil etter planen blir åpna for vanleg drift mandag. Ein del endra rutiner vil det bli. Desser kjem vi tilbake til. Hovedregelen er framleis: Ta kontakt over telefon først.

På alle bukollektiva og omsorgsentera vil framleis vere stengt for besøkande. Her oppfordrar vi pårørande halde kontakt med sine over telefon.