Status Giske kommune mandag 6. april kl. 10.45

Ingen nye smitta

Siste dagane har vore både triste og gledlege for Giske kommune. Vi er alle prega av at to er døde av korona-viruset på Giske Omsorgsenter. Dette er noko som preger heile lokalsamfunnet.

 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Men midt i det triste er vi veldig glade for at vi ikkje  har fleire nye som er bekrefta smitta og dei tre som er smitta er alle i god form.

  • Vi har gjort mange tester både på institusjonane og i private heimar. Alle har heldigvis vist seg å vere negative. Dette gleder vi oss veldig over, seier kommunalsjef Lene Bjørlo Overå.
  • Dette betyr ikkje at vi ser på situasjonen som over, men det gir oss tid til å drive ekstra opplæring i smittevern og det gir alle våre tilsette ro rundt det svært gode arbeidet dei gjer.