Status Giske kommune 26.03.20 kl 11.00

Smitta av korona i Giske: 4
Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 Dagens tema:
- nytt smittetilfelle på GOS
- fleire kan no bli testa
- mange permitterte

Nytt smittetilfelle på GOS

Onsdag kveld var det diagnostisert eit nytt tilfelle av korona-smitte ved Giske omsorgssenter. Dette er den andre smitta ved senteret. Det er sett i gang arbeid med smitteoppsporing.

Alle som har hatt nærkontakt med dei smitta er sett i karantene. Det er og sett i verk omfattande smitteforebyggande tiltakt ved senteret.

Tilstanden til alle fire i Giske vert karakterisert som stabil.
 

Fleire kan bli testa

Kapasiteten til å teste for korona-smitte er no auka. Det gir sjanse for å teste fleire grupper. Spesielt vil vi åpne for å teste yrkesgrupper som har spesielt hyppig kontakt med andre gjennom arbeid. Eit eksempel på slike yrke kan vere tilsette i matbutikker som har forkjølelse-symtom.

På landsplan viser det seg at 95 prosent av dei testa med forkjølelsesymtom testar negativt på korona.

Det er legetenesten som tek avgjer om kven som skal testast.
 

Mange blir permitterte

Giske kommune er av dei kommunene som er hardast råka av permitteringer. Ved starten av denne veka var 8,5 prosent av arbeidsstyrken permittert. Dette er 373 personer.

NAV Giske melder om stor pågang av nye permitteringer og ein reknar med at talet vert større i vekene framover.