I løpet av denne og neste veke (veke 6 og 7) vil eit tilfeldig trekt utval av Giskes innbyggjarar få ein SMS frå avsendaren «Giske komm» med ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking.
Spørjeundersøkinga handlar om korleis du synest det er å bu og leve i Giske kommune, kor nøgd du er med dei kommunale tenestene, med meir. I SMS-en vil det vere ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, på formatet «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=». Alle som vert invitert får ei personleg lenke for å delta, slik at ein veit at berre innbyggjarar i Giske kommune skal kunne delta. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. Lenka er trygg å trykke på og sendast ut av Sentio Research på vegner av kommunen. Deltaking i undersøkinga er anonym og frivillig. Samleresultata til Giske vil samanliknast med andre kommunar av lik størrelse og vi vil kunne samanlikne korleis innbyggjarane i Giske opplever kommunen samanlikna med inntrykket andre i like store kommunar har av sin eigen kommune.
Sentio Research har gjennomført denne innbyggjerundersøkinga i andre kommunar i Noreg sidan 2010 og er den er utvikla i samarbeid med Nord universitet.
Vanlege spørsmål:
Kvifor vart eg ikkje invitert til å delta?
· Vi trekker eit tilfeldig utval frå innbyggjarane som er folkeregistrert i Giske kommune, for å få eit representativt utval. Det vil seie at vi skal helst ha ei jamn fordeling av folk av forskjellig alder og kjønn, der fordelinga mellom aldersgruppene er representativ, altså ganske lik, den vi har i Giske kommune elles.
Korleis har dykk fått tak i telefonnummeret mitt?
· Telefonnummeret ditt har blitt henta frå registerdata/nummeropplysning, kor dei med bustadadresse i Giske kommune som er over 18 år har vore mogleg å trekke for å delta.
Kvifor vart eg invitert til å delta sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal?
· Ein har ikkje same moglegheit til å reservere seg mot spørjeundersøkingar og meiningsmålingar som mot telefonsal, då denne spørjeundersøkinga og meiningsmålinga er av allmenn interesse. Sjå Brønnøysundregisteret for meir informasjon om dette.
Eg bur ikkje i Giske kommune, kan eg likevel delta?
· Målgruppa for deltakarar er personar som bur i Giske kommune. Dersom du er folkeregistrert i Giske, men likevel ikkje bur i kommunen, kan du sjå bort ifrå spørjeundersøkinga.