Spelemiddeltilskot 2026 - Søknadsfrist 15. oktober

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2026 (Spelemidlar) har opna for ny søknadsrunde.

Illustrasjonsbilete generert med kunstig intelligens(Microsoft copilot)

 

Det er no høve for å opprette søknad om tilskot i Anleggsregisteret.

Dei som har fått deltildeling tidlegare kan legge inn gjentatt søknad. 

Dersom de har fått godkjend søknad tidlegare, men ikkje fått tildeling skal de legge inn fornya søknad. 

Dei som ikkje har fått godkjend, eller søker for første gong skal lage ny søknad.

Frå og med 15. juni 2026 gjeld Forskrift om tilskudd til bygging og rehablitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Giske kommune set frist til 15. oktober 2026 til å legge inn søknad. 
Søknaden bør då vere mest mogleg ferdigstilt. Det er høve til å gjere mindre endringar etter denne fristen.
Ønsker de hjelp med søknadsprosessen kan de be om eit møte med kommunen, kulturkonsulenten vurderer om de er behov for utvida kompetanse frå fylkeskommunen til møtet.