Sommaraktivitetar - Sunnmøre Friluftsråd

Sunnmøre friluftsråd held i sommar kurs i sjølvberging og livredning for ungdom, kajakkurs for ungdom og godkjend livredningsprøve for lærarar.

Christer Lundberg Nes

 

Sjølvbergingskurs for ungdom

Friluftsrådet satsa stort på eit kurstilbod om sjølvberging og livredning for ungdom, med tilbod om kurs i 8 ulike kommunar no i juni.

Men friluftsrådet har ikkje klart å nå ut med god nok informasjon om dette tilbodet.

Det har ført til at dei har hatt 1-2 deltakar per kurs, noko som dessverre ikkje er mange nok til å kunne forsvare å gjennomføre kursa.

Friluftsrådet har difor bestemt at dei no avlyser dei siste kursa som var planlagt (Haram, Herøy, Volda, Ulstein, Sykkylven) og prøvar å få gjennomført eit nytt felles kurs i Volda i staden.

E-post om endring av kursstad og tidspunkt er sendt direkte til dei som er påmeldt.

Informasjon om nye kurs:

Kurs for ungdom

Sjølvberging og livredningskurs i Volda 26.juni - Sjølvberging og livredning Volda 26.juni

Kajakkurs på Grodås laurdag 21. og  søndag 22. juni - Introduksjonskurs på Grodås

3 ulike padlecampar på Kjeldsund i Herøy i august i veke 32 og 33 - Padlekurs for ungdom 2025

 

Kvalifiserande kurs i utandørs livredning for lærarar torsdag 28.august

Det er sett opp eit kurs torsdag 28.august kl. 1200-1600

Stad er ikkje bestemt enda, mest truleg Sjøholt.

 

Påmelding på heimesida til friluftsrådet kjem straks!

 

Andre kurs i utandørs livredning kan avtalast på førespurnad til Sunnmøre Friluftsråd!


 God friluftssommar!