Søknadsfrist for plass i barnehage og SFO er 01.03.2024

Fristen for å søkje plass og barnehage og i SFO frå hausten 2024 er 01.03.2024.

Barnehage
Giske kommune har to kommunale og seks private barnehagar.

Skulefritidsordning
Det kan søkjast om plass i SFO for elevar i 1.-4. klasse og for elevar i 5.-7. klasse med særskilde behov. Elevar i 1. og 2. klasse har rett på 12 timar gratis i SFO. Frå hausten 2024 har regjeringa gjort framlegg om at ordninga med 12 timar gratis SFO skal utvidast til også å gjelde elevar i 3. klasse. Det kan søkjast om berre 12 timar gratis SFO, eller dei 12 timane blir ein del av tilboda i SFO som omfattar timar etter skuletid.

Søknadsskjema for barnehage og SFO.

Søknad om redusert foreldrebetaling for opphald i barnehage og SFO
Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden per plass. Hushaldningar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling. Søknadane vil bli behandla når skatteoppgjer for 2023 for husstanden ligg føre. Kommunen hentar opplysningar direkte frå Skatteetaten. Anna dokumentasjon er nødvendig berre dersom inntekta til husstanden er vesentleg endra. Søknadar innkomne etter fristen blir gjeldande frå månaden etter at søknaden er innregistrert. SFO-tilbodet er gratis for elevar i 5.-7. klasse. Det skal ikkje søkjast om friplass for elevar med særskilde behov.

Søknadsfrist for redusert foreldrebetaling er 31.07.2024. Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling

Bilde av fem born - Klikk for stort bilete Bildet er tatt av