Sofie smittesjef

Sofie Holmeset er tilsett som leiar for den nye avdelinga for smittevern i Giske kommune. Dette er ei ny avdeling som er oppretta for å samle ansvaret for handteringa av smittevernet i samband med korona-pandemien. Totalt vil avdelinga ha 1,9 årsverk.

 

  • Eg skal ha ansvaret for dei to teststasjonane vi har. Det er på flyplassen og ved Rådhuset. Andre oppgaver som er mitt ansvar er smittesporing, smittevernlager og oppfølging av karantenehotellet, fortel Holmeset.
  • Slik situasjonen er i dag har vi bra kapasitet på teststasjonane. Vi klarer å teste alle som melder seg. I dag er smittepresset i Giske forholdsvis lavt, men vi er klare til å auke kapasiteten dersom det blir nødvendig. Sjølvsagt håper vi at vi skal sleppe unna eit stort smitteutbrot, men vi må alltid vere klare til å ta det som måtte komme.

Fram mot jul er det naturleg at mange kjem reisande heim, både frå utlandet og andre plassar i Norge med høgare smittepress enn her.

  • Dette veit vi vert utfordrande, men når det gjeld kven som skal i innreisekarantene og kvar dei skal vere er det politiet som avgjer. Vi har eit tett samarbeid med dei og det er politiet som tek dei avgjerande vurderinbgane. Vi skal berre legge til rette for at karanteneopphalda let seg gjennomføre innanfor regelverket, seier den nye avdelingsleiaren.
  • Eg forstår godt at det av og til er vanskeleg å vite kva reglar som gjeld. Men nokre reglar er enkle: Hald avstand og vask hendene. Er du småsjuk, hald deg heim og la deg teste.