Smittekontroll på flyplassen

 Det er innført nye prosedyrer for smittekontroll på flyplassen på Vigra. Frå i dag skal alle som kjem frå utlandet til Ålesund lufthamn, Vigra, gå gjennom ein eigen kontroll. Dette opplegget er no på plass på Vigra.

Alle som kjem med direktefly frå utlandet til Vigra vil gå gjennom ein eigen kontroll på utsida av flyterminalen. Her må dei fylle ut eit skjema der ein mellom anna kartlegg kvar passasjeren kjem frå, og kva andre stader vedkomande har vore innom. Her kjem også passasjerane til å bli undersøkt med hensyn til helse. 

Passasjerer som det er mistanke om kan vere smitta, vert tekne med til prøvetaking. Giske kommune vil, i samarbeid med Avinor og Røde Kors, utføre dette arbeidet.

Helsedirektoratet har i dag vedtatt følgjande nasjonale retninglinjer som gjeld frå kl. 18.00 torsdag 12. mars t.o.m. torsdag 26. mars: "Alle som kommer fra reiser utenom Norden, skal i hjemmekarantene i 14 dager, uavhengig om de har symptomer eller ikke. Dette har tilbakevirkende kraft regnet fra 27. februar."