Skular og barnehagar får bruke Valdervoll gratis
Il Valder sitt hovudstyre har vedtatt at skular og barnehagar no også får bruke Valdervoll gratis.
Idrettsanlegga på Vigra, Godøya og Giske har tilsvarande gjeldande ordning.
Dei siste åra har skular og barnehagar betalt for bruk av Valdervoll. Onsdag fekk Giske kommune den gledelege beskjeden at bruken også her skal bli gratis.
- Dette var svært gode nyheiter for barn og unge i skule og barnehage i Giske kommune, seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol.
Hovudstyret drøfta på hovedstyremøtet tirsdag 3. juni erfaringar med betaling for skular og barnehagar sin bruk av Valdervoll.
Etter dette gjorde hovudstyret følgjande vedtak: “Skular og barnehagar i Giske kommune får bruke idrettsanlegget på Valdervoll utan å betale leige. Endringa gjeld frå veke 23 2025. Aktuelle brukarar må avtale tid med dagleg leiar i Valder. Som nå betyr at skoler og barnehager i Giske kommune kan bruke idrettsanlegget på Valdervoll gratis. Men man må fortsatt sjekke opp med dagleg leiar om det er ledig før bruk. ”
Dagleg leiar IL Valder, kontaktinfo:
Elias Alnes Mulelid Tlf: 412 45 553
Sist endra 04.06.2025 17.11