Sjekkliste for din eigenberedskap
God eigenberedskap er ei investering i trygg forvaring for deg og dine næraste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.
Ved å vere førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planleggje vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.
Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Sjekkliste for din eigenberedskap:
- reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker
- mat som toler lagring i romtemperatur
- grill, kokeapparat eller stormkjøkken
- varme klede, pledd, dyner og soveposar
- fyrstikker og stearinlys
- ved om du har vedomn eller peis
- gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring
- avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming
- lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller
- legemiddel og førstehjelpsutstyr
- jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande)
- hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt
- batteri og lada batteribank
- litt kontantar og fleire betalingskort
- mat og vatn til kjæledyr
- liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar
Kjelde (DSB): Slik bidrar du til Norges beredskap
Sist endra 28.10.2025 10.54