Servicekontoret held stengt i romjula
Servicekontoret held stengt i romjula grunna ferieavvikling.

Servicekontoret held stengt frå 24. desember til og med 1. januar. Dette inkluderer ekspedisjon, sentralbord og arkivteneste. Det same gjeld biblioteket.
Første ordinære dag over nyttår er torsdag 2. januar.
Inngangsdøra er open for dei som har avtalar med andre einingar på rådhuset. Bruk besøksskjermen ved inngangen til å sjekke deg inn og gå til avtala møtestad.
Vi ønskjer alle ei god jul og ser fram til eit godt nytt år i 2025!
Sist endra 20.12.2024 10.00