Rusken-aksjon i Giske kommune 2024

Det er tid for vårrydding og Giske kommune vil også i år tilby henting av herrelaust avfall som frivillige samlar inn langs vegar og stiar, og i friområde. 

Ordninga vert slik:

Kommunen eller andre organisasjonar som skuler og grendalag kan ta kontakt med Attvin på epost for å avtale; post@attvin.no

Eposten skal innehalde følgjande informasjon:

  • Arrangør (f.eks. 17 mai-komité ved x skule)
  • Namn på kontaktperson
  • Telefon nummer til kontaktperson
  • Kvar langs renovasjonsruta - nøyaktig adresse - vil avfallet bli plassert (maksimum 5 meter frå veg der renovasjonsbilen køyrer)
  • Kva dag skal Årim hente avfallet - OBS: Attvin hentar Rusken-avfall berre dei vekene dei hentar restavfall. Sjekk hentekalender på https://arim.no/hentekalender.

Hugs:

  • Alt avfall skal leggast i blanke sekkar.
  • Sekkane må ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall, farleg avfall eller hageavfall.
  • Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar.
  • MERK: Det Rusken-avfallet som ikkje går i sekk, må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand.
  • Hageavfall kan leverast til din miljøstasjon heile året.

ÅRIM tek ved behov kontakt med den enkelte arrangør i etterkant av bestilling. Kommunen får faktura for kostnadene ved henting og avfallsbehandling.

Veke for henting i Giske kommune er veke 17 + 19.

Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)