Kommunen retakserer fordi eigedomsskattelova krev at eigedomstakstane blir oppdaterte jamleg.
Bakgrunnen for retakseringa
Etter eigedomsskattelova skal kommunen gjennomføre allmenn taksering av eigedomane kvart tiande år. I særlege tilfelle kan kommunestyret vedta at takseringa skal skje tidlegare eller seinare, men den kan ikkje utsetjast med meir enn tre år.
Siste allmenne taksering i Giske kommune vart gjennomført i 2014. Takstane vart då fastsette ut frå marknadsverdien på eigedomen på det tidspunktet. For å spegle dagens eigedomsverdiar må takstane difor oppdaterast til dagens nivå.
På bustader der det føreligg bustadverdi frå Skatteetaten skal denne nyttast.
Retaksering vil gjelde for bustader utan registrert bustadverdi, landbruks-, fritids- og næringseigedomar, samt tomter med eller utan garasje/eller andre bygningar.
Takseringa vil verte utført av innleigd takseringsfirma eSkatt AS, i perioden 24. august – 15. november 2026.
Alle som utfører taksering vil ha synleg ID-kort, og bære gule vester merka med eSkatt AS.
Gjer merksam på at synfarar vil gå rundt ute på eigedomen, fotografere og ta diverse målingar.
Kvifor er dette viktig?
Når ein oppdaterer takstane:
- blir grunnlaget for eigedomsskatten meir rettferdig
- tek ein omsyn til endringar i eigedomsverdiane
- sørgjer ein for at like eigedomar blir behandla likt
- oppfyller kommunen krava i eigedomsskattelova
Les meir:
Reglane for eigedomsskatt i Eigedomsskattelova.
Om eiendomsskatt | eSkatt as