Pasient- og brukarombodet

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du er misfornøyd med helsehjelpa du har fått, eller om du ikkje får oppfylt dine rettar som pasient, brukar eller pårørande.

Logo/kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort biletelogo

Pasient- og brukarombodet kan gi råd og informasjon om rettar. Du kan også få hjelp til å nytte klageretten, søke råd om pasientskadeerstatning, og dei kan nokre gongar bistå som konfliktløysar i dialog mellom deg som pasient/brukar og tenestestaden. Ombodet sine tenester er gratis, og du kan velge å vere anonym. Det finnes pasient- og brukerombod i kvart fylke, og for Møre og Romsdal kan du ta kontakt slik:

Kontakt:

Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal Tlf. 71 57 09 00 / 40 50 16 00

e-post: mr@pasientogbrukerombudet.no (sensitive opplysninger bør ikke sendes på e-post)

Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 OSLO Besøksadresse: Astrupsgate 9, 6509 Kristiansund