Påmelding til Sterk og stødig treningsgruppe for seniorar på Valderøya, Godøya og Vigra!
Er du litt ustø, over 65 år og kjenner at beina ikkje er så sterke lenger? Ynsker du å bli sterkare og stødigare?Då kan Sterk og stødig-gruppene vere noko for deg! Du treng ikkje å ha noko erfaring med trening frå tidlegare, men du må kunne gå innandørs utan hjelpemiddel.
Treningsgruppene blir holdt av frivillige instruktørar som har tatt kurs og blitt "sterk og stødig-instruktørar" . Fysioterapeut Ellen Vartdal Håvoll er veiledaren til dei frivillige instruktørane og har ansvaret for påmeldinga.
Du er hjartleg velkomen til å delta i ei av våre treningsgrupper for seniorar, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. For å kunne delta må du få tildelt ein plass gjennom påmelding.
For å melde deg på må du ringe, sende sms eller mail.
PÅMELDING: RING/SMS: 41702349 eller MAIL: ellen.vartdal.havoll@giske.kommune.no
Informasjon om tid og stad:
VALDERØYA (Valdervoll): Torsdagar kl.11
GODØYA (Klubbhuset): Onsdagar kl.11
VIGRA (Rota): Torsdagar kl.12
Oppstart i veke 5 dersom det er minimum 10 påmeldte på gruppa.
Ein stor takk til Il Valder, Godøy Il og Vigra Il som stiller med lokale slik at det vil vere gratis for seniorane å delta på Sterk og stødig.
Ansvarleg Ellen Vartdal Håvoll
Sist endra 06.01.2025 11.48