Påmelding til Sterk og stødig treningsgruppe for seniorar på Valderøya, Giske, Godøya og Vigra!

Er du litt ustø, over 65 år og kjenner at beina ikkje er så sterke lenger? Ynsker du å bli sterkare og stødigare? Då kan Sterk og stødig-gruppene vere noko for deg! Du treng ikkje å ha noko erfaring med trening frå tidlegare, men du må kunne gå innandørs utan hjelpemiddel.

 Treningsgruppene blir holdt av frivillige instruktørar som har tatt kurs og blitt "sterk og stødig-instruktørar" . Fysioterapeut Ellen Vartdal Håvoll er veiledaren til dei frivillige instruktørane og har ansvaret for påmeldinga. 

Du er hjartleg velkomen til å delta i ei av våre treningsgrupper for seniorar, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. For å kunne delta må du få tildelt ein plass gjennom påmelding. 

For å melde deg på må du ringe, sende sms eller mail.  

PÅMELDING: RING/SMS: 41702349 eller MAIL: ellen.vartdal.havoll@giske.kommune.no 

Informasjon om tid og stad:

 Sterk og stødig -gruppene følg skuleruta!

GISKE (gamleskulen): Kart til gamleskulen

·                    Mandagar kl.10:30

GODØYA (Klubbhuset): Kart til klubbhuset

·                    Gruppe 1: Onsdagar kl.10:30

·                    Gruppe 2: Onsdagar kl.11:45

VALDERØYA (Valdervoll): Kart til Valdervoll

·                    Gruppe1: Torsdagar kl.10:30

·                    Gruppe 2: Torsdagar kl.11:45

VIGRA (Rota): Kart til Rota 

·                    Gruppe 1: Torsdagar kl.10:30

·                    Gruppe 2: Torsdagar kl.11:45

 Sterk og stødig er eit populært tilbod.  Om det ikkje er plass på gruppa vil du få ein plass på ventelista til den staden/stadane du ønsker å delta og blir kontakta når det eventuelt blir ledig plass.  Dersom det blir over 10stk på ventelista på samme stad vil det bli sett på moglegheiter for å kunne starte fleire gupper. 

Ein stor takk til Il Valder, Godøy Il, Vigra Il og Giske Sogelag  som stiller med lokale slik at det vil vere gratis for seniorane å delta på Sterk og stødig.