Overskot for Giske kommune i 2023

Giske kommune sin ureviderte driftsrekneskap for 2023 har eit netto driftsresultat på 2,7 million kroner. Etter fondsdisposisjonar har kommunen eit rekneskapsresultat på 20,2 million kroner.

 Dette er foreløpige og ikkje reviderte tal, og det er noko usikkerheit knytt til resultatet.

  • Frie inntekter og eigedomsskatt blei om lag 13,9 million kroner over budsjettet, dette kjem i hovudsak av auka innbyggjartilskot, inntektsutjamning og statlege overføringar i samband med auka tal på flyktningar.
  • Netto finanspostar blei om lag 6,9 million kroner betre en budsjettet. Det er i hovudsak høgre finansinntekter og god avkastning frå finansporteføljen som gir det gode resultatet
  • Rentekostnader blei om lag som budsjettert
  • Resultatet blir avsett til kommunen sitt disposisjonsfond, som då vil vere på om lag 47,5 million kr.

Til tross for det positive resultatet for 2024 viser rekneskapen at kommunen fortsatt har ubalansar i drifta. Giske kommune har over fleire år arbeidd for å få ned drifta, dette omstillingsarbeidet vil fortsette i 2024

Tenesteområda hadde i 2023 eit meirforbruk på 9,8 million kroner.

Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for kontrollutval og til politisk behandling seinare i år. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.

 

Kontaktperson for ytterlegare informasjon:

 

Karl Andre Birkhol

Kommunedirektør

Giske kommune

94166992