Overflatevatn frå Brusdalsvegen 208 til Brusdalsvatnet

Ålesund kommune har gått ut med pressemelding laurdag ettermiddag om utslepp i Brusdalsvatnet. Fagmyndigheitene meiner at vatnet er trygt å drikke. Giske kommune har Alnesvatnet som si primærvasskjelde og er ikkje direkte råka. 

Pressemelding frå Ålesund kommune: 

Det har vorte sendt overflatevatn frå tomta til nytt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen til Brusdalsvatnet. Drikkevatnet er trygt, men det er sett i verk tiltak for å stoppe utsleppet av overvatn til drikkevasskjelda.  

 Å ta vare på Brusdalsvatnet som drikkevasskjelde er viktig når vi bygger det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen.  Difor har vi leigd inn eksternt selskap som overvakar bekkefaret gjennom tomta og det blir jamleg teke prøver av vatn på tomta, i Spjelkavikelva og ved utsleppet i Brusdalsvatnet. Tomta har hatt forureina massar på grunn av tidlegare drift. Mykje av dette var fjerna frå tomta før kommunen tok over, men også på grunn av dette er det lagt klare føringar for arbeid som skal gjerast, for å sikre vasskjelda.  

 Like før jul vart det oppdaga avrenning frå tomta til Spjelkavikelva. Alt arbeid vart straks stoppa og det vart sett i verk tiltak for å stoppe og forhindre dette sidan partiklar i vatnet kan skade den raudlista elvemuslingen og lakseegg i elva. Arbeidet og tiltaka som vart gjort skjedde i god dialog med Statsforvaltaren.  

 Som ei kortvarig overgangsløysing vart det bestemt å sende vatnet ut i Brusdalsvatnet. Før vatnet vart sendt ut skulle det gjennom ei sedimenteringsløysing for å ta ut jord, leire og boresilt; finkorna jordpartiklar. Avløpsnettet har ikkje kapasitet til å ta i mot vatnet, og det å sende vatnet ut på nettet ville medført stor fare for leidningsbrot og vatn inn i kjellarane til folk. 

 

Leie vatnet vidare

Vi er no i gang med å kople om overvassystemet for å sende vatn frå byggetomta gjennom andre kanalar til annan mottakar. Då blir jord og andre partiklar fjerna før det blir sendt vidare.  

 No har det vore ein lang periode med regn og mykje nedbør, og det ser ut til å halde fram. Sedimenteringsløysinga vi har for vatnet som blir sendt til Brusdalsvatnet har ikkje fungert godt nok på grunn av mykje vatn, is og straumbrot. Samtidig er det nokre veker igjen før løysinga med å sende vatn til ny mottakar er klar. Difor set vi no i verk endå nye tiltak for å stanse utsleppet til Brusdalsvatnet. Vi vurderer mellom anna å pumpe alt vatnet frå tomta til bil og køyre vekk. Sjølv om vi stansar arbeidet på tomta, så er likevel byggegropa opa og det vil halde fram med utvasking og avrenning.   

 

Ikkje endra prøveresultat 

Partiklane, «grumset», som er sendt til Brusdalsvatnet blir handtert av vassbehandlingsanlegget og reinsa der. Gjennom vekentlege rutineprøvar frå inntaksvatnet er det følgd med på og klart at det ikkje er endringar for prøveresultata når det gjeld tungmetall. Det er heller ikkje haldepunkt for at det er andre stoff eller bakteriar i vatnet som påverkar folkehelsa eller natur. Kommunen si fagmynde vurderer det som heilt trygt å drikke vatnet, men for å vere på den sikre sida, er prøvetakinga intensivert for ein periode framover med fleire prøver frå utsleppspunktet og utvida prøver av vatnet frå vassbehandlingsanlegget.  

Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde for Ålesund og Sula i tillegg til at det forsyner Giske og Ellingsøya med reservevatn. 

 

Kontaktperson for Giske kommune er : 

Ordførar Kenneth Langvatn 920 52 891