Opprydding pågår ved Optimar

Saneringsselskapet Polygon jobbar med å rydde opp etter at ein tank med 17 kubikk syrebeis har lekka ut. Seks til sju kubikk av væska har truleg rent ut i grunnen og delvis i det private leidningssystemet som går ut i sjøen.

 

Det er stoffet Inno Tek Beise Spray Sulfox som har lekka ut. Politi og brannvesen avslutta sitt arbeid torsdag kveld. Området som er innbefatta er avsperra og det er lagt ut store mengder kalk for å nøytralisere syra.

Informasjonsansvarleg ved Optimar, Lene Susan Flem Debess, seier at dei førebels ikkje veit kva som har gått galt då syre rann ut, men at teknikarar no jobbar for å finne årsaka og at dette vil bli grundigare undersøkt når Polygon er ferdig med å reingjere.

«Det er viktig for oss å finne årsaken og få retta opp i dette», seier ho.  

Debess opplyser vidare at syren ikkje er bra å få på seg, men at den fort løser seg opp i kontakt med vatn og luft.

«Miljømessig skal ikkje dette vere ei belastning», seier ho.

Giske kommune har vore i kontakt med Statsforvaltaren, IUA (Interkommunalt utvalg mot akutt forurensing) og Kystverket om hendinga.  

Kystverket har oppretta sak og vil følge saka vidare.