Onsdag 6.desember går Heimevernet med uniform på jobb.

Onsdag 6.desember har Heimevernet "Uniform på jobben"-dagen. Dette er ei årlig markering der alle som tenestegjer i Heimevernet kan frivillig bruke uniform på arbeidsplassen, dersom dette er greit for arbeidsgivar.
Forsvaret gjer dette for å synleggjere at Heimevernets 40 000 soldatar og befal er spredt over alle typer yrkesgrupper i landet og er ein viktig del av den lokale beredskapen.
Giske kommune støttar Heimevernet si markering og ønsker alle tilsette som tenestegjer i Heimevernet velkommen til å bære uniform på jobb onsdag 6.desember.
Meir informasjon om Uniform på jobben-dagen frå Forsvaret
Publisert 04.12.2023 12.45
Sist endra 29.11.2023 14.57