Omsorgstenesta BPA

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

Giske kommune har tildelt tenestekonsesjon til 5 private leverandørar på omsorgstenesta BPA (brukarstyrt personleg assistanse) frå 01.09.2021.

Desse leverandørene er:

  • Prima Assistanse AS
  • Uloba – Independent Living Norge SA
  • Ecura BPA og Hjemmetjenester AS
  • JAG Assistanse AS
  • Stendi AS

Kontraktsperiode er 4 år med opsjon på 1 år. Tenestekonsesjon er ei ordning der det blir stilt ulike krav til leverandør og dei som oppfyller krava får tildelt konsesjon. Brukarane som har vedtak om BPA vel fritt mellom leverandørane som har fått konsesjon. Kommunen betaler ein fast timepris for tenesta.