OFFENTLEG ETTERSYN - Reguleringsendring spolebase på Gjøsund – Subsea 7

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 11.04.2018, sak KMT-024/18 vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til reguleringsendring, datert 15.11.2017, ut til offentleg ettersyn. Dokument i saka er lagt ved under.
 

Endringsforslaget vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta vert lagt ut under Kunngjeringar på heimesida til Giske kommune og i resepsjonen på rådhuset. I tillegg vert det annonsert i lokalavis og på facebook. Dersom nokon ønskjer plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (70 18 80 00) og gje opp referanse «17/632».

Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til; post@giske.kommune.no innan 31.05.2018.

Innkomne merknadar vil ikkje bli svara på før etter politisk handsaming. Merknadane blir vurdert i saksdokument som blir handsama politisk og dei som bli råka av planen/har kome med merknad blir varsla med brev ved nytt vedtak.

 

Vedlegg: