Nye rektorar på Godøy skule og Giske skule
I samband med at Sunniva Åkernes Kvalsund skal over i rektorstillinga på Godøy skule, har Christine Sletta Langeland takka ja til rektorstillinga på Giske skule.
Christine kjem frå stilling som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret, kombinert med ei undervisningsstilling på Møre barne og ungdomsskule. Christine er utdanna lærarspesialist, med begynneropplæring som hovudtema.
Sunniva og Christine vil vere på plass i rektorstillingane i løpet av oktober.
“Som innbyggjar på Giske gler eg meg til å ta fatt på rektorrolla og bli ein del av skulefellesskapet. Giske skule har ei viktig rolle i nærmiljøet. Eg ser fram til å byggje vidare på alt det gode arbeidet som allereie er gjort, slik at Giske skule held fram med å vere ein god stad å vekse.”, seier Christine.
Christine Sletta Langeland
Sist endra 05.08.2026 14.30