Nye råd for trygg og god skjermbruk blant barn, unge og foresette

Helsedirektoratet har oppdatert dei nasjonale råda for skjermbruk for barn og unge. Målet er å hjelpe foreldre med å finne ein god balanse mellom skjermbruk og andre viktige aktivitetar i kvardagen. 

Digitale medium er ein naturleg del av oppveksten, men barn treng òg søvn, fysisk aktivitet og tid saman med venner og familie. Råda gir enkle anbefalingar for skjermtid: Barn under 2 år bør unngå skjerm, medan eldre barn og ungdom får tilrådd gradvis aukande, men framleis avgrensa skjermtid.

Det blir òg understreka at foreldre bør vere til stades og involverte når barn brukar digitale einingar, og at dei bør avgrense tilgangen til smarttelefon og internett – særleg for barn under 13 år. I tillegg oppmodar råda foreldre til å vere merksame på si eiga skjermbruk, fordi vaksne sine vanar påverkar barns vanar.

Råda handlar først og fremst om balanse. Skjermbruk kan vere både nyttig og kjekt, så lenge det ikkje går ut over søvn, leik, sosialt samspel og fysisk aktivitet.

Skjermbruk blant barn, unge og foresatte - Helsedirektoratet

Råd for skjermbruk blant barn og unge - Helsenorge