Nye kolonnetider i Godøytunnelen

Statens Vegvesen meldar at frå søndag 3. februar blir det faste kolonnar gjennom heile døgnet i Godøytunnelen. Kolonnetidene vil vere dei same heile veka, frå måndag til søndag, fram til arbeidet i tunnelen er ferdig til påske.

Avsluttar hurtigbåtsambandet

Når arbeidsmengden no tillet fleire og meir hyppige kolonnar i Godøytunnelen, inneber dette at hurtigbåtsambandet mellom Ålesund, Valderøya og Godøya blir avslutta.

Dei siste turane for hurtigbåten blir natt til søndag 3. februar, med avgang frå Valkvæ kl. 02.00 og frå Skateflukaia kl. 02.35.

Nye busstider

Frå 3. februar blir det også endringar i bussrutene mellom Godøya og Ålesund. Fram opplyser at rutene er justert etter dei faste kolonnetidene gjennom tunnelen.

Sjå www.frammr.no for meir informasjon om rutetidene for buss.

https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelermidt/nyhetsarkiv/nye-kolonnetider-i-godoytunnelen