Ny skulebruksplan

Skulebruksplan for Giske kommune 2025-2030

Kvifor skal det utarbeidas ein skulebruksplan? 

20.02.2025 vedtok Giske kommune at det skal lagast ein skulebruksplan(KS 13/25) 

Skulebruksplanen 2025-2030 skal danne eit kunnskapsgrunnlag for å fatte langsiktige og bærekraftige val for organiseringa av grunnskulane i Giske kommune. Skulebruksplanen skal verte handsama i kommunestyre i desember 2025, etter å ha vore handsama i råd og utval. Det er formannskapet som gir klarsignal til at arbeidet er klart til å sendast ut på offentleg høyring, etter planen medio november. 

Vigra skule er under bygging og skal vere ferdigstilt i 2027. Skulen er planlagd etter gjeldande lover og forskrifter og har kapasitet til 250 elevar.  Vigra skule er difor ikkje fullt ut med i arbeidet med skulebruksplan. 

 

Kvifor skal det skje no? 

Vi veit at det er eit omfattande etterslep på vedlikehald og oppgradering av dei  fleste kommunale bygg, også skulebygga. Dette er situasjonen etter år med krevjande økonomiske rammer, herunder år på Robek. Kommunen har begrensa investeringskapasitet i overskueleg framtid. Det vil vere strategisk viktig å prioritere investeringar som bidrar til at grunnskulane våre har effektiv drift, at vi kan auke attraktiviteten, vere formålstenlege bygg for både brukarar og tilsette. 

Dette utløyser eit behov for å skaffe seg god oversikt over tilstanden på skulebygga, sikre universell tilgang til opplæring i tråd med gjeldande læreplan og miljøretta helsevern for elevane. 

Skulane skal ha ein attraktivitet som bygg opp under Giske som bu- og oppvekstkommune. Det er også viktig for kvaliteten i opplæringa at vi kan legge til rette for å rekruttere og behalde kvalifisert arbeidskraft. 

Kva skal skulebruksplanen omfatte? 

Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune; Det var bra eg kom, tek utgangspunkt i den erfaringa vi  ynskjer barn og unge skal ha etter dagen i barnehage og skule. Dette vil vere eit viktig moment i fagleg arbeid med skulebruksplanen og også vere med i grunnlaget for dei politiske beslutningane. 

Planen skal gi grunnlag for å vurdere kapasitet, gi oversikt over tilstand/funksjonalitet og utforming av eksisterande bygg og uteområder, trygg skuleveg, samhandling med nærmiljø. Vurderingane blir gjort i forhold til lovverk og eksisterande planar. 

Skulebruksplanen vil bygge på SSB si befolkningsframskriving, sett opp mot investerings- og utbetringsbehov i eksisterande bygg og overordna mål i kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Berekraftsmål 4 God utdanning - Klikk for stort bilete
berekraftsmål 10 mindre ulikskap - Klikk for stort bilete
Berekraftsmål 3 God helse og livskvalitet - Klikk for stort bilete
berekraftsmål CRPD - Klikk for stort bilete

 

Korleis ser framdriftsplanen ut? 

Arbeidsfase 1. Drøfting med referansegruppe, avklaring av arbeidsområder i fase 2 , fram mot juni 25.  

Arbeidsfase 2: Juni 25-Sept 25: Skape engasjement: Legges ut på høyring hos skulane, FAU (temaplan), ungdomsråd. Frist innspel 1.sept.  

Arbeidsfase 3: Sakshandsame innspel og justere kunnskapsbase ved behov. Medverknad frå referansegruppa, innspel til endelege tema og strategiar for arbeidet med skulebruksplan.  

Arbeidsfase 4: Konstruksjon og samanstilling av skulebruksplan: Klart mandat og retning for arbeidet. Internt arbeid i arbeidsgruppa evet ved kjøp av tenester frå ekstern kapasitet ved behov. Første utkast ferdig innan medio november, klart til merkesteinsmøte med ref.gruppe og medverknad frå tillitsvalde, FAU og verneteneste. Vurdere offentleg høyring.  

Arbeidsfase 5: Iverksetting: Vedtak i kommunestyret des. 25, for innarbeiding i økonomi og handlingsplan.

 Arbeidsfase 6. Monitorering av resultat, læring, justering og forbedring. Videre oppfølging av arbeidspakkar/ delstrategiar frå 2026 og fortløpande i åra som kjem til planen er gjennomført. 

Kven skal utarbeide planen? 

Det er planlagt for eit tett samspel mellom politikk og administrasjon, med dialog og samskaping knytt til strategiske merkesteinar. Den administrative arbeidsgruppa utarbeider og legg fram for den politiske referansegruppa for innspel og justeringar. 

Rektor på den enkelte skule leier kartleggingsarbeidet når det gjeld funksjonaliteten i skulebygga med tanke på både elevar og tilsette. Er det plass til alle? Rom for fleire? Har skulen universell utforming? Dette er nokre av spørsmåla som skal svarast ut. Bygg og eigedom skal bidra med byggtekniske vurderingar. 

Rektor involverer elevar, tilsette, FAU/SU i arbeidet med å kartlegge kor funksjonelle skulebygga er.  

Skulane søker også om godkjenning av skulebygga, etter lov om elevretta helsevern (lenke?), dette på oppdrag frå kommuneoverlegen. 

 

Kven er med i den politisk oppnemde referansegruppa? 

Mona Vartdal Dimmen (Livsløpsutvalet) 

Vara; Randi Kleivan 

Monika Varda Giske (Formannskap) 

Vara; Olav Sindre Roald 

Svein Kåre Aarseth (RFF) 

Thoril Presterud Roald (Teknisk utval) 

Vara; Louise Haahjem 

Teodor Godø Sæther Dyb (Ungdomsrådet) 

Vara; Alida Brandshaug 

Kven utgjer arbeidsgruppa? 

Kommunedirektøren har satt saman ei arbeidsgruppe frå kommunalområda Samfunn og oppvekst: 

Ann-Heidi Paulsen Orvik, Kommunalsjef for samfunn 

Thea Sofie Hoff Vegsund, Einingsleiar bygg og utbygging 

Fride Scølberg Sortehaug, samfunnsplanleggar 

Åse Elisabeth Skjærseth, Kommunalsjef for oppvekst 

Vibeke Solbak, Barnas representant i plansaker/Pedagogisk rettleiar barnehage 

Jarle Hauge Steffenssen, pedagogisk rettleiar