Ny ordning for AutoPASS på ferjesamband på høyring

Møre og Romsdal fylke ber om innspel til ny ordning for AutoPASS på ferjesamband. Dette omfattar bl.a. endring der passasjerar ikkje skal betale ferjebillett og at kostnaden i staden vert lagt på bil-billetten. 

Høyringsfrist til fylket er satt til 25. februar 2019.

I brevet frå fylket står bl.a.:

"Det vil frå 01.01.2019 bli opna for bruk av Autopass Ferjekort på ferjesamband i Møre og Romsdal.
For at brikkebetaling skal kunne innførast, så må også Autopass-takstregulativet bli tatt i bruk. Dette
regulativet har som føresetnad at passasjerar ikkje skal betale, noko som medfører at takstar for bil
må aukast for å oppretthalde inntektsnivået i ferjedrifta. Det er på grunn av denne prisendringa at vi
ynskjer å sende ut Autopass- regulativet på høyring
".

Sjå fylket sine utsendte høyringsdokument her.