Ny medisindispenser i heimesjukepleia – trygg og presis medisinering med Dignio
Heimesjukepleia i Giske kommune har no tatt i bruk ein ny, digital medisindispenser frå Dignio. Løysinga er gratis for brukarane våre, og skal bidra til at fleire får rett medisin til rett tid – på ein trygg og enkel måte.
Kva er ein medisindispenser?
Medisindispenseren er ei elektronisk eining som gir påminningar og deler ut riktig medisin til rett tidspunkt. Når det er tid for å ta medisin, gir dispenseren beskjed med lyd og lys. Brukaren tek medisinen frå maskina, og heimesjukepleia får beskjed dersom medisinen ikkje blir teken som planlagt.
Kva betyr dette for deg som brukar?
- Du får betre oversikt over medisinen din.
- Du får varsel når det er tid for å ta medisin.
- Du slepp å tenkje på kva medisin du skal ta – dispenseren gir deg rett dose til rett tid.
- Du får større grad av sjølvstende i kvardagen.
Gratis teneste
Bruken av medisindispenseren er gratis for deg som brukar heimesjukepleia i Giske kommune. Vi sørgjer for opplæring og oppfølging, slik at du skal føle deg trygg i bruken av den nye løysinga.
Kvifor gjer vi dette?
Målet er å auke tryggleiken, sikre riktig medisinbruk og gi brukarane større moglegheit til å bu trygt heime. Erfaringar frå andre kommunar viser at medisindispenseren gir færre feilmedisineringar og meir fridom både for brukarar og pårørande.
Har du spørsmål?
Dersom du er brukar av heimesjukepleia og ønskjer å vite meir om medisindispenseren, kan du ta kontakt med oss på telefon 95758551
Sist endra 13.05.2025 10.04