Ny kommunalsjef oppvekst.

Åse Elisabeth Skjærseth er tilsett som kommunalsjef oppvekst og tiltrer 01.01.21. Åse Elisabeth er i dag rektor ved Vigra skule, ei stilling ho har hatt sidan 2014.
Åse Elisabeth er utdanna lærar, i tillegg har ho blant anna utdanning innan spesialpedagogikk, rektorutdanning, psykologi grunnfag, og no til sist ein master i samfunnsplanlegging og leiing som ho avslutta våren 2019.

Åse Elisabeth går inn i oppgåva audmjuk, lærevillig og med eit genuint ønske om å arbeide for ein trygg og god oppvekst i barnehage og skule i Giske kommune