Ny biblioteksjef

Berit Hilde Hjertø er tilsett i jobben som biblioteksjef i Giske kommune frå 1. januar.  Ho har sin første arbeidsdag på biblioteket 2. januar. 

Berit Hilde Hjertø. Foto: Privat

Hjertø er utdanna bibliotekar frå Statens bibliotekhøgskule i Oslo og har vore biblioteksjef fleire stader. Ho jobbar no som biblioteksjef i Fjord kommune der ho har vore dei siste tre åra. 

Hjertø er oppteken av at biblioteket skal vere ein god møteplass og at alle skal kjenne seg heime der.  

Håvard Bjørnelv, som har vore konstituert biblioteksjef det siste året går tilbake til si stilling som bibliotekar.