Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.
Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå matrikkelen blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i matrikkelen som ein del av arbeidet sitt. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangla eller vera utdatert.
No kan du som eigar eller festar gjera ein forskjell: Ved å oppdatera opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikra at dei er rette. Det kan gi deg rettare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får mellom anna nødetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for avgjerdene sine. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.
Slik gjer du
Du kan registrera byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finna i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruka kjennskapen din til bustaden.
Eigenregistreringa er frivillig og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli beden om å lasta opp dokumentasjon.
Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
Registrer det du meiner er rett
Oppdater tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg
Opplysningane som du registrerer, vil ikkje skrive over det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakta Kartverket her. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakta kommunen for å få det retta.
[Gjerne legg til korleis kommunen din ønskjer å bli kontakta om eksisterande data i matrikkelen.]
For meir informasjon, sjå https://mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang.
------------------------------------------------------------------------
Døme på artiklar frå kommunane i piloten for inspirasjon:
Hvaler: https://www.hvaler.kommune.no/nyhetsarkiv/na-kan-du-registrere-endringer-i-din-eiendom/
Nesodden: https://www.nesodden.kommune.no/aktuelt/eier-du-bolig-pa-nesodden-da-bor-du-sjekke-opplysningene-om-din-eiendom-hos-kartverket.243878.aspx
Sandnes: https://www.sandnes.kommune.no/sti/min-side/min-eiendom/registrer-opplysninger-om-boligen-din/
Ringsaker: https://www.ringsaker.kommune.no/tjenester/plan-bygg-og-eiendom/byggesak/sjekk-og-oppdater-opplysninger-om-din-eiendom
Rana: https://www.rana.kommune.no/vare-tjenester/om-rana-kommune/kunngjoringer-og-horinger/kunngjoringer/rana-er-blant-landets-forste-til-a-teste-ny-eiendomstjeneste.24040.aspx
Tønsberg: https://www.tonsberg.kommune.no/aktuelt/na-kan-du-registrere-eiendomsopplysninger-selv.46140.aspx
Sandefjord: https://www.sandefjord.kommune.no/aktuelt/na-kan-du-selv-registrere-opplysninger-om-boligen-din.35197.aspx
Vestre Slidre: https://www.vestre-slidre.kommune.no/nyheter/na-kan-du-registrere-opplysninger-om-din-eiendom.18125.aspx