Har du overskot og lyst til å vere ein trygg vaksen for eit barn eller ein ungdom? Giske kommune skal prøve ut ei førebyggande mentorordning for dei som kan trenge litt ekstra støtte i ein periode, og søkjer deg som vil gjere ein forskjell.
Oppdraget
Som mentor følgjer du opp ein ungdom gjennom ein avtalt periode. De gjer enkle, kvardagslege aktivitetar saman – til dømes tur, trening, prat eller andre fritidsaktivitetar. Det viktigaste er ikkje kva de gjer, men at du er til stades. Oppfølging skjer oftast på ettermiddag/kveld, av og til i helg.
Kvifor treng vi deg?
Nokre ungdommar treng ein ekstra vaksen som ser dei, gir støtte og setter grenser på ein god måte. Ein god relasjon kan bidra til meistring, tryggleik og tilhøyrsle.
Vi ser etter deg som:
- er ein trygg og tydeleg vaksen
- held avtalar og er til å stole på
- toler å stå i motstand
- likar aktivitet eller gode samtalar
- ønskjer å bidra
Du treng ikkje utdanning innan arbeid med barn og unge – personlege eigenskapar tel mest.
Du får:
- rettleiing og fagleg støtte
- nettverk med andre mentorar
- meiningsfullt oppdrag og erfaring som kan vere verdifull både personleg og profesjonelt
- godtgjersle etter avtale
Oppdraget krev politiattest og at ein skriv under på teieplikterklæring.
Viktig! Dette er ikkje ei behandlingsrolle, men ei moglegheit til å vere ein positiv vaksen som kan bidra til gode val og utvikling over tid.
Dersom du synes dette høyres interessant ut, så send ein e-post med nokre ord om kvifor du tenker dette kan vere noko for deg til: Veronica.Fauskan.Sorvik@giske.kommune.no
Sist endra 08.06.2026 08.44