Mental Helse Giske får frivillegprisen 2024

Frivillegprisen i Giske kommune går i 2024 til organisasjonen Mental Helse Giske.

 

 

Prisen skal synleggjere frivillegheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode dømer på resultat av frivilleg innsats.
Frivillegheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine vinnarar.
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/gruppe sin frivillege innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Juryen legg fram følgjande uttale om tildelinga i år:

Mental Helse Giske

Lokallaget i Giske sitt frivillige arbeid er svært verdfullt for innbyggarane i kommunen. Dei er aktive og inkluderande, og har spennande og variert program. Det er eit godt og viktig lavterskeltilbod! Psykisk sjukdom rammar dei fleste av oss ein eller annan gong i livet, meir og mindre. Faste møteplassar, ute eller inne, aktivitetar der alle kan delta eller berre vere saman. Mental Helse Giske er med på å synleggjere at vi alle har både ei fysisk og psykisk helse. Dei er tydelege i media og i lokalmiljøet, slik at dei som ønskjer ein møteplass, kan få høve til å kome i kontakt. Alle som vil kan melde seg inn eller kome på møta, både friske og den som har uhelse av eitt eller anna slag.

Organisasjonen mottek pris, heider og ære i kommunestyremøte 5. desember 2024 kl. 1700 i kommunestyresalen på Giske rådhus.

Giske kommune gratulerer organisasjonen med prisen og takkar så mykje for innsatsen som organisasjonen gjer!