Marie Isaksen – Einingsleiar for ny eining: Pedagogisk psykologisk teneste og spesialpedagogisk team barnehage.

Marie kjem frå øyane i Nord-Norge:  Harstad og Senja. Ho er utdanna lærar med master i pedagogikk og fullfører master i leiing av skuleutvikling i november. Ho har soleis god kompetanse knytt til både utviklingsleiing, sakkunnig arbeid, forvaltning, organisasjonsutvikling og utdanningspolitikk.

Marie har også autorisasjon for kognitiv utgreiing og matematikk. Ho har jobba heile arbeidslivet innafor skule og utdanning med eit fokus på inkluderande praksis.

Marie har vore avdelingsleiar i PPT-Giske frå september og gler seg til vidare arbeid:

«Eg ser betydninga av at PPT og spes.ped teamet blir samla i ei eining og organisert under Oppvekst. Saman har vi fokus på barn og unge si danning, utvikling og læring. I dette fellesskapet står vi sterkare og kan utfylle kvarandre når det gjeld både kompetanse og erfaring. Slik vil vi ilag  kunne skape betre utviklings- og læreføresetnadar.» 

Einingsleiar PPT-SPT