La hjorteviltet vere i fred i vinter

Mykje snø gjer det vanskeleg for rådyr og hjort å finne mat og vatn. Dessverre vil det ofte gjere vondt verre å prøve å hjelpe dei.

Det krev mykje energi for dyra å bevege seg i den djupe snøen. Dette fører til at hjorteviltet trekker ned mot bustadområde og brøyta vegar, og gjer at vi no kan observere dyra nærare sivilisasjonen enn normalt.

Er det noko eg kan gjere for å hjelpe dyra?

Mange har lyst til å hjelpe dei utslitne dyra i form av fõring og tilrettelegging, men då blir ofte vondt verre. 
Den klare oppfordringa er difor å la dyra vere i fred, og elles følge desse råda:

  • Ikkje gi hjorteviltet mat. Fôring er ulovleg, dette på grunn av fare for smitte av skrantesjuke og diaré
  • Ikkje stress viltet unødig
  • Hald hunden din i band
     

Ver spesielt merksam på hjortevilt langs vegane:

  • Køyr forsiktig! Ser du eit dyr langs vegen, er det ofte fleire rett bak
  • Ver spesielt observant om du ser spor i brøytekanten og i grøfta
  • Ring politiet på telefon 02800 om du ser eit dødt eller skadd hjortevilt, eller om du sjølv er uheldig og køyrer på eit dyr