Kvar får du informasjon dersom nettet blir borte og telefonen ikkje verkar?

Giske kommune gir informasjon om ei krise som gjeld kommunen på kommunen si heimeside. Gå derfor til giske.kommune.no dersom ei krise oppstår. Vi deler også informasjon på kommunen si Facebookside, med redaktørstyrte meida og brukarsystem for skule, SFO og barnehage som Transponder. Når viktig informasjon må ut raskt sender kommunen SMS.

Kommunen har fire informasjonspunkt der du kan få informasjon og hjelp til å kontakte nødetatane dersom mobilnett og internett ikkje fungerer. 

 

Kommunen kan bruke NRK P1 som beredskapskanal for å gi informasjon. Kommunen kan også bruke enkelte kommunale bygg som informasjonspunkt der du kan få informasjon og melde frå om at du treng hjelp.

Giske kommune har ei eiga brosjyre om Beredskap i Giske, som m.a. viser til kommunen sine fire informasjonspunkt:

  • Giske omsorgssenter
  • Vigra omsorgssenter
  • Giske barnehage
  • Godøy bukollektiv
Kart over informasjonspunkt i Giske kommune

 

I løpet veke 44 vil kommunen dele ut brosjyrer ved butikkane i kommunen. Du finn også brosjyra på m.a. biblioteket, servicekontoret, venterommet til PPT/barnevern. Ta med deg ei brosjyre heim, og legg henne ein stad der du finn henne att – også utan internett.

 

Plakat med DSB sin informasjon om informasjonspunkt DSB