Kva betyr velferdsteknologi for Giske?
Giske har over lenger tid arbeidd med å ta i bruk velferdsteknologi til hjelp både for innbyggarar og tilsette, og det er no laga ei brosjyre som forklarar nokre av omgrepa og bruksområda i kommunen, i tillegg til ein film som er presentert tidlegare.
Brosjyra ligg på nettportalen (sjå under) og er tilgjengeleg på servicekontoret i tillegg til at ho vert sendt ut til enkelte målgrupper.
Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukarar, pårørande og omsorgspersonell.
Velferdsteknologi er ein fellesnemning på tekniske installasjoner og løysingar som kan betre kvar og ei si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og vere med på å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.
Meir om velferdsteknologi i Giske finn du her.
Elektronisk utgåve av brosjyra om velferdsteknologi ligg her.
Sjå NRK Møre og Romsdal sitt innslag om teamleiar reinhald, Vibeke Olsen Larsen, som nyttar ei nyutvikla app-teneste for tolking:
NRK
Publisert 19.03.2019 13.46