Kunstlandskap MIDT

I høve Nasjonaljubileet 2030, som markerar at det er 1000 år sidan slaget på Stiklestad, har Sparebankstiftelsen SMN tatt initiativ til eit fleirårig kunstprosjekt i samarbeid med Trøndelag senter for samtidskunst. Kommuner i Trøndelag og Møre og Romsdal er no invitert til å melde inn idear og interesse. 

Prosjektet ynskjer å mobilisere og engasjere lokalsamfunn gjennom samtidskunst i offentlege rom som tek utgangspunkt i lokale behov, historier og stadar. Dei ferdige kunstverka skal vere tilgjengelege for alle til ei kvar tid og spegle nasjonaljubileet sine verdiar – felleskap, verdiar, identitet, arv og fornying.

Kva betyr dette for Giske kommune?

 Giske kommune har no høve til å delta i dette prosjektet som kan gi kommunen eit kunstverk i offentleg rom som speglar Giske kommune si historie, identitet og framtid. Kunstverket blir så ein del av ei større kunstreise – Kunstlandskap MIDT. Produksjon av kunstverket vert dekt av Sparebankstiftelsen SMN. 

No vil vi høyre frå deg!

Kva slags kunst ynskjer du å sjå i Giske kommune? Er det nokre sentrale historier og verdiar ein bør løfte fram? Ser du føre deg ein stad som egnar seg godt for kunst i offentlege rom i Giske kommune? 

Vi oppfordrar innbyggjarane, lag og organisasjonar, kulturlivet og næringslivet til å sende inn forslag eller melde interesse om samarbeid om idèutvikling og søknadsprosess. I første omgang blir kommunen med i ei pre-kvalifiseringsrunde.

 Kunst engasjerar, samlar og utfordrar – saman kan vi utvikle Giske som kunstlandskap og setje kommunen på kartet i eit større kunstsamarbeid

Ta kontakt her:
Kontakt: hakon.hagen.knudsen@giske.kommune.no

Kunstlandskap Midt 2025-2030 logo - Klikk for stort bilete