Kulturmidlar 2026 - søknadsfrist 30.04.26

Kulturmidlane for 2026 er no klare, og det er gledeleg at den totale tildelingssummen er auka til kr. 390 000,-. 
Vi ser fram til å lese søknadar frå lag og organisasjonar i kommunen.

 

Kulturmidlane delast mellom musikk, idrett og museum/kulturminne. 
Summen fordelar seg slik: 

Musikk 

Kr. 170 000,- 

Idrett 

Kr. 170 00,- 

Museum/kulturminne 

Kr. 50 000 

 
Ein kan kun søke om tilskot frå ei av ordningane. 
 
Søkjarar opprette ein arrangørprofil i aktivitetskalenderen Friskus for å få tilskot. 
Det er viktig at verktøyet blir brukt aktivt til å promotere organisasjonen sin aktivitet. 
Friskus opererar utanfor sosiale medier og betalingsmurar. Fordelen med det er at ein kan vise til friskus i møte med menneske i alle aldrar som ynskjer å oppleve noko eller engasjere seg i frivilleg arbeid og kulturliv. 
Det er mykje god helse i opplevingar, engasjement og menneskemøter. 
 
Søknad leveres via skjema innan 30.04.26. 
Søknadskjema:
Musikk Idrett Kulturminne og museum
Lukke til!