Korleis skal vi bu i framtida?» Giske kommune inviterer til medverknadsverkstad.
Giske kommune inviterer innbyggjarar, grunneigarar, næringsliv, lag og organisasjonar til medverknadsverkstader om framtidig bustadutvikling i kommunen.
Målet med samlingane er å få innspel til korleis vi kan utvikle gode og attraktive bustadområde i åra som kjem. Vi ønskjer å høyre kva innbyggjarane meiner er viktig når det gjeld bustadtypar, nærmiljø, møteplassar, trafikk, grøntområde og andre forhold som påverkar kvardagen.
Verkstadane er opne for alle, og det er ikkje nødvendig med påmelding.
Tid og stad
- Godøya skule – 2. desember 2026 kl. 17.00–18.00
- Giske skule – 3. desember 2026 kl. 17.00–18.00
- Giske rådhus, Valderøya – 8. desember 2026 kl. 17.00–18.00
- Vigra skule – 10. desember 2026 kl. 17.00–18.00
Vi håpar mange ønskjer å delta og bidra med sine perspektiv og idéar for framtidig bustadutvikling i Giske kommune.
Vel møtt!
Sist endra 28.10.2026 13.34